Velkommen til Sunnhordland Senioruniversitet

Sunnhordland Senioruniversitet er eit lag som skal arbeida for kunnskapsformidling til pensjonistar og andre interesserte i Sunnhordland mellom anna ved å organisera forelesingar innanfor kulturelle og samfunnsrelaterte emne.

Laget har ikkje skrivne medlemmer.

Samlingane vert haldne i Bømlo kulturhus,til vanleg siste tysdagen i månaden, frå klokka 11.00 til klokka 13.00. Billettprisen er for tida 175 kroner, som inkluderer kaffi/te og sveler i innlagd pause.

Styret.

Styret har åtte medlemmer, fire kvinner og fire menn. Desse vert valde på årsmøtet der alle som har løyst billett kan delta.

Økonomi

Senioruniversiteta mottek ikkje offentleg stønad. Drifta vert finansiert ved billettinntekter og støtte frå sponsorar.

Bømlo kulturhus

Kulturhusvegen 20, 5430 Svortland

Billettar

Bilettar kan du kjøpa i resepsjonen på kulturhuset, eller som e-bilett på kulturhusets heimesider: www.bomlokulturhus.no